| |
 |
|
14/06/2010
Torvald Sund: Dans stille før stormen
Vakker påstand om at ekte kunst kjem frå naturen meir enn frå finkulturen.
07/06/2010
Live Bonnevie: Hestenes klan
Feministisk angrep på rideskolenes militære tradisjoner.
03/05/2010
Bjørn Olav Hammerstad: Maja Mill: helt tilfeldigvis meg
Den som etterligner en annens konsept, stiller nødvendigvis i en lavere divisjon.
22/03/2010
Eduardo "Doddo" Andersen: Fortellingen om Brann
Patriotismen i ”Fortellingen om”-serien når nye høyder.
01/03/2010
Anne Hilde Bolstad og Fritz Nilsen (ill.): Twin Otto 1-5
Den som er liten har mye å lære – dessverre.
14/02/2010
Rebeca Dautremer: Forelska
Mest for barn, men heller inga dårleg kjærleiksgåve til vaksne.
|
|
Dødsdans i havgape
Torvald Sund: Dans stille før stormen
Ungdomsroman frå Samlaget 2010.
Vakker påstand om at ekte kunst kjem frå naturen meir enn frå finkulturen.
Dette er ikkje ei forteljing bygd heilt etter mønster av balletten Svanesjøen. Kjærleiken mellom Runar og Julie er ikkje like håplaus. Men lett blir det ikkje no som ho førebur seg til opptaksprøve ved The Royal Ballett School i London, medan han har investert i eigen sjark og bestemt seg for eit liv som fiskar her i Rørvik. Eg hadde venta at denne kunstnarromanen skulle følgje Julie til London. Ho skal danse eit parti frå Svanesjøen og strever med innlevinga. Trassig uroer ho seg for kva ho kan få til i storbyen: ”Dei måtte ikkje tru at ho ikkje kunne danse ballett berre fordi ho kom frå ein liten by på kysten.” Så tek i staden Sund lesaren med til ei øy ytst i havgapet, dit Runar og Julie gjer ein siste utflukt saman.
Ulykka skjer brått, og handlinga strekkjer seg over berre fem-seks timar. På den tida må Julie klare å hente hjelp skal ho berge livet til kjærasten. På spennande vis vekslar dei korte kapitla på å følgje Julie og Runar i parallelle handlingsløp. I blant er spenninga strekt i lengste laget, men jo nærare døden kjem, jo tettare blir handlinga. Når det ser som svartast ut, tyr Julie til dansen, hermar skarven og finn ut korleis det må kjennast å flyge som Tsjajkovskijs svane.
Utfallet er ikkje gitt. Den versjonen av Svanesjøen som Sund hintar til, ender med at dei to elskande kastar seg i døden saman. På den andre sida: I ungdomsromanar plar det vere håp.
Ikkje uventa er forfattaren frå Levanger meir overtydande når han skriv om skarv, garnblåser og bergingsaksjon enn når han skriv om ballett. Men på meisterleg vis får han kampen mot naturkreftene til å handle også om kunst. Kunsten er å trasse smerte og aldri gi opp. Boka er blitt ei sterk og poetisk påminning om at ballett blir skapt i møte med naturkreftene meir enn i øvingslokala. Folk frå små kår har med andre ord mykje på store scener å gjere.
GURI FJELDBERG
tilbake
|
|
Alt materiale på denne siden er beskyttet av åndsverksloven.
Tegning: Jan-Kåre Øien Foto: Ingebjørg Jensen
Copyright Guri Fjeldberg © 2006
|
|
 |