| |
 |
|
14/06/2010
Torvald Sund: Dans stille før stormen
Vakker påstand om at ekte kunst kjem frå naturen meir enn frå finkulturen.
07/06/2010
Live Bonnevie: Hestenes klan
Feministisk angrep på rideskolenes militære tradisjoner.
03/05/2010
Bjørn Olav Hammerstad: Maja Mill: helt tilfeldigvis meg
Den som etterligner en annens konsept, stiller nødvendigvis i en lavere divisjon.
22/03/2010
Eduardo "Doddo" Andersen: Fortellingen om Brann
Patriotismen i ”Fortellingen om”-serien når nye høyder.
01/03/2010
Anne Hilde Bolstad og Fritz Nilsen (ill.): Twin Otto 1-5
Den som er liten har mye å lære – dessverre.
14/02/2010
Rebeca Dautremer: Forelska
Mest for barn, men heller inga dårleg kjærleiksgåve til vaksne.
|
|
Mobbebok med hint til døden
Anne Osvaldsdatter Bjørkli og Sissel Horndal (ill): Huskereisa
Biletbok frå Marg forlag 2009 Denne meldinga sto på trykk i Marg nr. 4 2009
Julia er levandegjort av ein illustratør som ser ut til å ha lagt all si sjel og alt talentet sitt i dette prosjektet. I livet til Julia er det elles ikkje stort å glede seg over. Ho er i småskolealder og sit der i huska og tenkjer plagsame tankar om kvifor dei andre jentene ikkje vil vere i lag med ho. Det tilitsfulle blikket frå ei tankefull jente set steminga alt på framsida. Derifrå leier farfattar Anne Osvaldsdatter Bjørkli og illustratør Sissel Horndal oss frå den eine mobbe-episoden etter den andre. Rett nok verkar episodane litt tilfeldig ordna, utan ei optimal spenningskurve som aukar dramatikken, men dei overraskande perspektiva og kreative tolkingane til Horndal gjer likevel sidene spennande å dvele ved. Ho nyttar fleire teknikkar i ei blanding av maling og trykk. På kvart oppslag finn ein eit riss i overflata, som for å unngå all likskap med glansbilete. I blant minner det om frustret krassing – kan hende rissa av hovudpersonen sjølv. Julia er ikkje presentert i mange setningar før teksten legg seg tett på hennar oppleving av verda.
Forståeleg symbolikk Samspelet mellom tekst og bilete formidlar sterke kjensler, men her er óg mykje å reflektere over. Medan teksten til dømes spør kvifor det ikkje er nok å vere seg sjølv for å bli likt, skapar bileta undring gjennom symbolar. Jentene lèt Julia få vere med å hoppe tau berre dersom ho sveivar. Sjefsmobbar Stine er malt i rosa med prinsessekrone, ballettskjørt og solbrillar, og dei andre jentene som grå kopiar med trekkoppnøkkel i ryggen. Den visuelle symbolikken er ikkje banal men forståeleg for barnelesarar, noko som ikkje minst er viktig for ei bok som inngår i samarbeid med organisasjonen Mobbfri Zone. Bileta byr på vel så mykje å snakke om som teksten.
Sanseleg og kjenslevart Bjørkli fortel med poetiske gjentakingar og halve setningar både frå gamle minner og notida i huska. Sterkast er episoden der Julia vil vere med jentene på tur. Her kjem eg så tett på ho at eg mest pustar i hennar takt:
Tru om? Enn om? Vere med? Vere med! Vere med? - Får eg vere med, spurde ho til slutt. Hjartet glømte nesten å slå. - Nei, sa Stine. Julia turte ikkje spørje meir. - Kan ho ikkje få vere med, sa Nina. Nina, Nina! Nina ... med så snille auge! Julia turte ikkje puste. - Ver no litt grei, heldt Nina fram. Julia venta, ho pusta berre bittelitt, heilt øvst i halsen.
Uheldig distanse Teksten er klok og held seg truverdig til slike tankar eg går ut frå at mange småskolebarn gjer seg. Iblant mistar Bjørkli likevel grepet om lesaren i mangel på rytme og flyt. Setningane heng ikkje godt nok saman og skapar ein distanse til Julia som neppe er tilsikta. Nokre av poenga kjem som forstyrrande repetisjonar av tankar eg alt har slutta meg til, til dømes der Julia til slutt ikkje får vere med likevel: ”Stine skal alltid bestemme.” Bjørkli framstår som noko mindre røynd enn Horndal sjølv om det neppe er tilfellet. Huskareisa er hennar sjuande bok. Horndal er derimot den som fekk Nynorsk litteraturpris i fjor for biletboka Himmelspringaren.
Å drukne i sorg Horndal er også den som tek denne reisa til eit djup som uroar meg. Det sterkaste biletet fortel korleis Julia græt inni seg. Andletet hennar ligg under vatn med auga lukka og luftboblar piplande. Små fisk symjar omkring, ein er på veg ut bak augelokket hennar. Kor stor denne sorga er, må lesaren sjølv kjenne seg fram til. Julia kan sjå ut til å drukne i sorga, samstundes uttrykkjer biletet stor ro. Fram til dette har sidene veksla poetisk mellom å syne sårheit og styrke, og vi veit at Julia synest ho er god til fleire ting, som å sprette ball og å huske. Ho drøymer om å fly som ein fugl saman med Håkon. Portrettet under vatn hintar derimot til døden. Orkar ikkje Julia å leve meir?
Sommarfugl Boka kjem stadig attende til strofar frå ”Sommarfuggel i vinterland”, som er visa der Halvdan Sivertsen gir si støtte til innvandrarbarn. Slik hintar teksten om at mobbinga kan vere rasistisk motivert. Sidan Julia ser såpass nordeuropeisk ut, visar nok songteksten i denne samanhengen heller til ein meir allmenn oppleving av å kjenne seg framand og annleis. Det er viktig at boka ikkje gir noko svar på kvifor Julia blir mobba, for slik syner ho at mobbing kan råke kven som helst. Sjølv er eg mest freista til å tolke strofene om sommarfuglen bokstaveleg. Dei speler ei fatal rolle for korleis eg oppfattar slutten.
Vonlaus eller håpefull slutt? Det er nemleg seint på hausten. ”Eg er sterk!” tenkjer Julia i huska. Ho meiner at fuglane i greinene over ho syng vintersongen sin berre for ho – før dei lettar og blir borte. Ho kjenner seg unik som eit snøfnugg. Sommarfuglane på besøk frå vinterland er borte no, konstaterer ho, før ho slepp taket og flyg. På huska under månen lèt Horndal ein einsleg sommarfugl sitje att. Er Julia forsvunne, eller sit ho der på huska i ein skikkelse som har liten sjanse til å overleve i kulda? Flyg ho mot varmare strok eller har mobbinga gjort ende på ho? Dei positive tankane mot slutten er nok tenkt som del av ei frigjering, men det språklege biletet av ein sommarfugl i vinterlandskap er heilt avhengig av Halvdan Sivertsens von for slike skjøre skapningar: ”Å må drømmen du bær bli sann”. Eg er ein pessimistisk lesar med eit nærare forhold til naturvitskap enn Sivertsen. I mi instinktive tolking er denne sommarfuglen sjanselaus i vinterkulda. Styrken i tankane til Julia her på slutten kan like godt vere den styrken som krevjast for å ta sitt eige liv.
Det er neppe slik boka er meint. Uansett tolking er dette ei bok som kan gi sterkt inntrykk og mykje å snakke om, men eg vil nok ikkje tilrå ho for deprimerte lesarar.
GURI FJELDBERG
tilbake
|
|
Alt materiale på denne siden er beskyttet av åndsverksloven.
Tegning: Jan-Kåre Øien Foto: Ingebjørg Jensen
Copyright Guri Fjeldberg © 2006
|
|
 |