| |
 |
|
14/06/2010
Torvald Sund: Dans stille før stormen
Vakker påstand om at ekte kunst kjem frå naturen meir enn frå finkulturen.
07/06/2010
Live Bonnevie: Hestenes klan
Feministisk angrep på rideskolenes militære tradisjoner.
03/05/2010
Bjørn Olav Hammerstad: Maja Mill: helt tilfeldigvis meg
Den som etterligner en annens konsept, stiller nødvendigvis i en lavere divisjon.
22/03/2010
Eduardo "Doddo" Andersen: Fortellingen om Brann
Patriotismen i ”Fortellingen om”-serien når nye høyder.
01/03/2010
Anne Hilde Bolstad og Fritz Nilsen (ill.): Twin Otto 1-5
Den som er liten har mye å lære – dessverre.
14/02/2010
Rebeca Dautremer: Forelska
Mest for barn, men heller inga dårleg kjærleiksgåve til vaksne.
|
|
Dødsangst i Kairo
Erna Osland: Den uendelege reisa
Magisk realisme for ungdom frå Samlaget 2009
Klokt, velkomponert og såpass finurleg at boka blei betre då eg las ho for andre gong
William har opplevd kompisen til bestefar døy og vore med og bore kista i gravferda. No er han livredd for å døy sjølv, og Osland gjer det snedige å sende han til Kairo med Besten der dei daude har ein meir framståande plass enn i vår kultur. For å auke dramatikken blir Besten påkjøyrt og sengeliggjande like etter ankomst, slik at William må takle livet – og døden – på eiga hand. Målet for turen er å avslutte noko kompisen hadde ugjort, men Besten vil ikkje røpe kva det gjeld. Osland er spesialist i å halde informasjon tilbake. Målet er nok å gjere lesaren nyfiken, men her testar ho tolmodet til fleire enn stakkars William. Dette blir først skikkeleg spennande om ein har auge for detaljar i teksten og aksepterer magiske innslag.
Surrealistiske grep får fram dødsangsten til William, slik Tormod Haugen gjorde så banebrytande i barnebøker på 1970-talet, og er dessutan kreativt knytt til egyptisk mytologi. William meiner at Anubis følgjer han med blikket, hunden som ifølgje mytologien leier dei døde over i neste liv. Katten Bastet, med ansvar for dei levande, snakkar til han og fortel at han er i livsfare. Panikken veks når Bastet påstår at Anubis har begynt å leie dei levande inn i døden og ikkje berre ut av han. Plottet er temmeleg søkt, slik magisk realisme ofter er. Anubis seiast å ha forveksla William med kompisen til Besten, og nøkkelen til å overleve er knytt til å avdekkje den gamle løyndomen til kameratane.
Personane kunne gjeren ha vedkome meg enno meir. Uroa til Wiliam er smittande godt skildra, men ein rasjonell lesar vil ha vanskar med å dele oppfatninga av at han er i livsfare – inntil William sjølv set seg i vanskar. Ein psykoanalytikar vil derimot finne meining bak det meste. Dramatikken aukar, bitane fell på plass og William erfarer at det viktigaste er å våge å leve.
GURI FJELDBERG
tilbake
|
|
Alt materiale på denne siden er beskyttet av åndsverksloven.
Tegning: Jan-Kåre Øien Foto: Ingebjørg Jensen
Copyright Guri Fjeldberg © 2006
|
|
 |