| |
 |
|
14/06/2010
Torvald Sund: Dans stille før stormen
Vakker påstand om at ekte kunst kjem frå naturen meir enn frå finkulturen.
07/06/2010
Live Bonnevie: Hestenes klan
Feministisk angrep på rideskolenes militære tradisjoner.
03/05/2010
Bjørn Olav Hammerstad: Maja Mill: helt tilfeldigvis meg
Den som etterligner en annens konsept, stiller nødvendigvis i en lavere divisjon.
22/03/2010
Eduardo "Doddo" Andersen: Fortellingen om Brann
Patriotismen i ”Fortellingen om”-serien når nye høyder.
01/03/2010
Anne Hilde Bolstad og Fritz Nilsen (ill.): Twin Otto 1-5
Den som er liten har mye å lære – dessverre.
14/02/2010
Rebeca Dautremer: Forelska
Mest for barn, men heller inga dårleg kjærleiksgåve til vaksne.
|
|
Fantasy for fred
Lars Mæhle: Landet under isen
Fantasy for ungdom frå Samlaget 2009
”Forstanden, medkjensla og muligheita til forandring, desse tre utgjer håpet.”
Ein profeti, ein utvald som må redde verda, to forrædarar og ein magisk amulett. Mæhle skammar seg ikkje over å resirkulere tradisjonelle fantasy-ingrediensar og listar opp inspirasjonskjelder som Tolkien bak i boka. Handlinga startar i Smalvik, ei bygd som kan minne om Rosendal, der folk forsvinn på mystisk vis medan svart røyk legg seg som ei tåke. Parallelt med at den unge helten Rubin entrar fantasyverda under ein diger isbre, driv Magne Jerstad frå Kripos etterforsking i bygda. Fantasyen er kryssklipt med klassisk krim på ein måte som ikkje berre held spenninga godt ved like, men òg utfordrar inngrodde lesevanar. Eg skal ikkje røpe om det blir etterforskaren som må redde fantasyhelten eller omvendt.
Dei fleste fantasyforfattarar treng minst tre band for å redde verda, og det er varsla at Mæhle kjem med meir. Då er det litt underleg at ikkje forfattaren har brukt meir plass på å skape eit parallelt univers som fungerer i alle detaljar. Han bryr seg ikkje med trivialitetar som kor maten kjem frå i landet under breen. (Det er dessverre fare for at fantasy-fanatikarar vil oppdage at Rubin på side 447 drep med kniven han tapte på side 321.) Mæhle har lagt meir arbeid i parallellane til religionshistoria. Sønene til stamfar Abrahamsen har grunnlagt kvar sin stamme av muslimar, kristne og jødar. Dei krigar innbyrdes i staden for å stå saman mot mørkemaktar og forureining. Rubin må oppspore dei sju protokollane til Abrahamsen for å finne att sanninga som er gått tapt når kvar stamme har laga eigne versjonar. Boka byr såleis både på religionskritikk og filosofiske leveråd.
Ho kunne blitt enda meir spennande og nyansert dersom skiljet mellom dei ”gode” og dei ”vonde” ikkje hadde vore fullt så eintydig. Rubin tvilar på evna si til å handle rett og godt, men angrar straks han gjer noko tankelaust, slik at lesaren aldri rekk å tvile på han.
GURI FJELDBERG
tilbake
|
|
Alt materiale på denne siden er beskyttet av åndsverksloven.
Tegning: Jan-Kåre Øien Foto: Ingebjørg Jensen
Copyright Guri Fjeldberg © 2006
|
|
 |