| |
 |
|
14/06/2010
Torvald Sund: Dans stille før stormen
Vakker påstand om at ekte kunst kjem frå naturen meir enn frå finkulturen.
07/06/2010
Live Bonnevie: Hestenes klan
Feministisk angrep på rideskolenes militære tradisjoner.
03/05/2010
Bjørn Olav Hammerstad: Maja Mill: helt tilfeldigvis meg
Den som etterligner en annens konsept, stiller nødvendigvis i en lavere divisjon.
22/03/2010
Eduardo "Doddo" Andersen: Fortellingen om Brann
Patriotismen i ”Fortellingen om”-serien når nye høyder.
01/03/2010
Anne Hilde Bolstad og Fritz Nilsen (ill.): Twin Otto 1-5
Den som er liten har mye å lære – dessverre.
14/02/2010
Rebeca Dautremer: Forelska
Mest for barn, men heller inga dårleg kjærleiksgåve til vaksne.
|
|
Gir ut kladden?
Mette Karlsvik: 1-2-TRE
Barnebok frå Samlaget 2009
Klima-angst kurert med kjærleik og bacalao.
Forventningane er høgare og merksemda større når ein forfattar av vaksenbøker kjem med si første barnebok. Her prover Karlsvik at det å skrive for barn kan vere vel så krevjande som å skrive for vaksne. Boka er full av uutvikla påfunn og lettvinne grep som gjer handlinga vanskeleg å følgje og enda vanskelegare å tru på. Då hjelper det lite at ideen er frisk og språket likeins. Asta er nett ferdig med femte klasse og ei jente det kunne vore spennande å bli kjend med. Kan hende er ho kalla opp etter Åsta frå Jentene gjør opprør (1973), forfatta av mor til Åsne Seierstad, feministen Frøydis Guldahl. Det gjeld å klare ting sjølv. Jenta bur på ei øy kalla Snerken med ei håplaus mor som fekk barn alt då ho var 16, ein lama, to venninner, ein bacalaofabrikk og ei redsle for at klimakrisa skal legge heile øya under vatn. Målet er å redde verda, men etter kvart handlar det mest om dei nære ting – som å redde seg sjølv frå omsorgssvikt. Kan ho skape eit varmare øysamfunn utan å bidra til auka global oppvarming? Slik skriv Karlsvik seg inn i den nye trenden av barnebøker som speglar uro for samfunnsutviklinga.
Maria Parr viste med Vaffelhjarte at det fort blir godt stoff av å fylle ei lita øy med originale personlegdomar. Enno artigare når ein gjer som Lauren Child og teiknar inn ”autentiske” skribleriar frå jentene på sidene: ”Kva skjer, eigentleg? Stig sjøen or what?” Men denne øya er ikkje karikert nok til å huse ein fuglehund som kan klatre i tre og ein bassgitar som spelar utan straum. Her er så mange ulogiske moment at det er umogleg å skilje dei tilsikta frå dei utilsikta. Først var eg redd eg hadde fått alzheimer, men no trur eg heller at Karlsvik har skrive om boka så mange gongar at ho har mista oversikta over kva som gjekk føre seg i førre kapittel. Éin ting er at Samlaget har bestemt seg for å gi ut dette rotet. Vurderingsutvalet til Kulturrådet har nettopp avgjort at boka skal kjøpast inn på ordninga som sikrar 1550 eksemplar til biblioteka i landet. Den som skriv for barn treng altså ikkje gjere boka ferdig for at det skal løne seg å gi ho ut.
GURI FJELDBERG
tilbake
|
|
Alt materiale på denne siden er beskyttet av åndsverksloven.
Tegning: Jan-Kåre Øien Foto: Ingebjørg Jensen
Copyright Guri Fjeldberg © 2006
|
|
 |